Activities - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Billettar til Hakallegarden

Legg opp til eit besøk utanom det vanlege. På Hakallegarden går mange av dyra fritt saman med deg i tunet. Alle saman gler seg veldig til kos, og traktoren står spenna klar til å ta deg med på tur i hengaren sin.   Ope i haustferien 7-11 oktober. Velkommen til gards.  Dyra på Hakallegarden Det er mange dyr som bur på garden. Her er alpakka, hundar, kattar, påfugl, geiter, høner, hestar, og esel for å nevne nokre. Dei aller mest populære er nok kattungane og hestane, men den mest berømte er kanskje Bukke Lars. Han har nemleg vore på barne-tv ilag med Per, på "Per - Klart eg kan". Og av og til får han besøk av ungar som fortel at dei ser på han og Per nesten kvar dag på datamaskina heime. Sjå videoen her. Mange har og sett odelsjenta Marit på barne-tv seria «Marit og dyra». Den finn du på NRK Super.  Dyra på Hakallegarden er veldig rolege glade i folk. Vi vil likevel minne om at dei er levande dyr, og kan bli trøtte og slitne slik som vi mennesker vert. Derfor er det viktig at dei vaksne passar på borna sine.  Kvifor billettar på nett Av omsyn til Covid-19 og fare for smittespreeing, så er sal av billettar på nett eit tiltak for å ha kontroll på kor mange som kjem.  Vi vil gjerne ha besøk av deg og håpar du bestiller billett før du kjem.  Har du årskort?  Da kan du berre møte opp og registrere deg ved inngangen.  Nettsalet stenger Du kan bestille til kl. 12:00 same dag som du kjem. Om det er fullt, eller etter kl. 12:00 same dag, så det ikkje mogleg å velje datoen i kalenderen. Dagen er merka som grå. Hakallegarden sel også billetter i inngangen når nokon går.   Ansvarleg for opplevinga Firma: Hakallegarden Telefon: +47 900 68 996/ +47 971 92 066  Epost: aina@hakalle.no  Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.

Visit Runde

Runde Miljøsenter AS

Rundavegen 237

6096 Runde

Map link to Runde Environmental Centre

Visit us at Runde

Contact us