Tickets to the exhibition - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Tickets to the exhibition

Book Now! Inquire Booking

From NOK 90

Skal du på fuglefjellet eller ønskjer å lære meir om fugleøya Runde så oppmodar vi til eit besøk med oss. Her kan du sjå filmar om mektige naturfenomen, kome tett på sjøfuglane i utstillinga og utforske Rundeskatten som vart henta opp frå sjøen i 1972. Etter nesten 300 år på sjøbotnen rett utanfor Runde.

Bestiller du billett til utstillinga kan du gå rundt og fordjupe deg i eige tempo. Billetten er gyldig for dagen han vert bestilt. Vi viser film i auditoriet heile dagen, så her er det berre å høre når neste framsyning startar. 

Spis eit måltid i havgapet

I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer. 
Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og kan for grupper tilby enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar.​

Besøk oss heile året

​Vi tek i mot grupper (minimum 15 personar) året rundt. Her kan vi tilby både faglege foredrag og guida turar i utstillinga. Gjerne i ein kombinasjon med lunsj eller middag. 

Om sommaren held vi ope kvar dag for alle. Sjå meir informasjon lengre nede på sida. 

From NOK 90

Book Now! Inquire Booking

Opplysingar:

Sesong:  8. juni til 18. august - kvar dag
Opningstider: kl. 12:00 - 19:00
Oppmøtestad: Runde Miljøsenter
Prisar:
vaksen 90 kr
born (4-15 år) 40 kr
pensjonist/student 60 kr
familie max 7 personar 250 kr
gruppe frå 15 personar 60 kr
inkl. 
- billett til utstillinga
Merknadar: billetten er gyldig for den dagen han vert kjøpt. Vis fram billetten i resepsjonen for kontroll. Du kan og løyse billett i kaféen.

Overnatting:

Ønskjer du å sove på Runde? Runde Miljøsenter har moderne leilegheiter med sjøutsikt for utleige.
Be om eit tilbod på (+47) 7008 0800 eller på booking@rundecentre.no

Du kan også lese meir om overnatting på Runde her.

 

Høgdepunkt

  • sjå den storslåtte filmen Havets Sølv
  • utforsk sjøfuglane på Runde i ei imponerande utstilling 
  • sjå Rundeskatten frå Akerendam forliset i 1725

Route

  1. Runde Miljøsenter