Julemat i havgapet - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Julemat i havgapet

Inquire Booking

Nyt eit julemåltid i havgapet

Frå og med 22 november til 22 desember kan du ta med venar eller kollegaer på eit tradisjonelt julemåltid i havgapet på Runde. Vi legg opp til ein meny med pinnekjøt og mør med tilbehøyr og riskrem til dessert. Med utsikt mot store bårer og mektig natur vert det ekstra koseleg å samlast inne for eit godt måltid.

Vegetariansk julebord.

Om du ønsker eit vegetariansk julemåltid så har vi mange smakfulle retter å by på. Ta gjerne kontakt for meir informasjon og tilbod.

Tilboda gjeld for minimum 10 personar og du må gjere ei bestilling i forkant.


Kontakt oss på:

E- post: booking@rundecentre.no
Telefon: 7008 0800
Eller bruk førespurnad knappen på sida.

Julelunsj – 385 kr per. person

inkl.

  • tradisjonell juletallerken med pinnekjøtt, mør og tilbehøyr
  • dessert med kaffi, riskrem og småkaker


Møtepakke med julelunsj – 535 kr per. person

inkl.

  • møterom med wifi og projektor
  • kafe/te og vatn under møtet
  • tradisjonell juletallerken med pinnekjøtt, mør og tilbehøyr
  • dessert med kaffi, riskrem og småkaker


Julebord – 535 kr per. person

inkl.

  • buffébord med pinnekjøtt, mør, svineribbe og tilbehøyr
  • dessert med kaffi, riskrem, karamellpudding og småkaker


Julebord med overnatting og frukost – 1260 kr per. person

inkl.

  • buffébord med pinnekjøtt, mør, svineribbe og tilbehøyr
  • dessert med kaffi, riskrem, karamellpudding og småkaker
  • overnatting i delt leilegheit med havutsikt og eige soverom
  • felles frukostbuffé


Overnatting i våre leilegheiter

Runde Miljøsenter har åtte leilegheiter med sjøutsikt som ligg rett ved senteret. Leilegheitene har eit enkeltrom, eit dobbeltrom og ein dobbel sovesofa i stova. Om ein vil bu litt romsleg tilrår vi at det bur inntil tre personar per leilegheit.
Vi reier opp senger og legg frem handklede. Vask av leilegheita inkludert ved avreise.
 

Aktivitetar som kan kombinerast med eit julemåltid

  • Guida tur langs fjøra eller på fjellet.
  • Guida omvising i utstillinga på senteret.

Ta kontakt for meir informasjon og prisar her.

Inquire Booking

Høgdepunkt

  • spis eit godt heimelaga julemåltid i havgapet
  • bli med på ei guida omvising i utstillinga

Route

  1. Runde Miljøsenter