Rappellering over Syvdefjorden - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Rappellering over Syvdefjorden

Inquire Booking

Syvdsnesrappel - rappelering over Syvdefjord, med mulighet til europas langste one-drop Rappel. Ta med familien eller venner og bli med på ein trygg, men spennande oppleving over Syvdefjorden. 

Turen startar med ein litt middels kreveande fjelltur som tek omlag 20-30 min. Vi tilrår turkle og fjellsko. Oppe på "Feirsletta" kan du nyte ei fantastisk utsikt over Rovde og Syvdefjorden, heilt ut til Sandsøya. Her er det også mogleg å skrive seg inn i "topp-boka". Om ein vil nyte eit grillmåltid på toppen lar det seg gjere. På toppen blir det utdeling av utstyr og ei innføring på korleis ein skal rappellere ned den 16 meter høge fjellveggen. 

De som ønsker å prøve seg på ekstrem rappellen på 112 meter, kan booke den som ekstra etter de har tatt den 16m turen. Bestilling på stedet.  

Ei oppleving - fleire val
Vel mellom 2, 4 timars tur eller eigen familietur. 
Du kan sjølv velje når du bestillar opplevinga kor lenge, eller kva for ein billett du ønsker deg. 

Skreddarsaum
Opplevinga teg høgde for 5-12 gjestar og må bestillast minimum 48 timar før opplevinga finn stad. 
Nytt kontaktopplysningar nedanfor om du vil bestille nærare avgang eller vil gjennomføre opplevinga med mindre gjestar. 


Ansvarleg for opplevinga
Firma: Vanylven Tours
Telefon: +47 415 78 826 
Epost: tobias@vanylventours.no
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.


Inquire Booking

Opplysingar:

Sesong: kvar dag frå 12 juni til 31 august
Oppstart: Man-fre kl. 17:00 | Lau-søn kl. 14:00
Oppmøtestad: Gamle ferjekaia på Syvdsnes, Vanylven
Varigheit: 2-4 timar
Prisar: frå 650. Eigen familiebillett 2+3 for 1950 kr. 
inkl.
- guiding i naturen
- ein rappellering
- fleire rappelleringar​​ (på familie og 4 timars tur)
- liten lunsj (på familie og 4 timars tur)
Transport: aktiviteten tek høgde for at du kan kome deg til og frå Syvde i eigen bil. 


Vi tek atterhald om minimum 5 påmeldte for å gjennomføre turen.Ved kansellering vert du varsla 48 timar før turen startar og bestillinga vert refundert. Siste frist for bestilling vert då også 48 timar før turen startar. 

 

Høgdepunkt:

→ rappellering med erfaren fjellførar
→ flotte naturopplevingar
→ formidling om området
 

Route

  1. Gamle ferjekaia på Syvdsnes