Billettar til Hakallegarden - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Billettar til Hakallegarden

Inquire Booking
Legg opp til eit besøk utanom det vanlege. På Hakallegarden går mange av dyra fritt saman med deg i tunet. Alle saman gler seg veldig til kos, og traktoren står spenna klar til å ta deg med på tur i hengaren sin.  

Ope i haustferien 7-11 oktober. Velkommen til gards. 


Dyra på Hakallegarden

Det er mange dyr som bur på garden. Her er alpakka, hundar, kattar, påfugl, geiter, høner, hestar, og esel for å nevne nokre. Dei aller mest populære er nok kattungane og hestane, men den mest berømte er kanskje Bukke Lars. Han har nemleg vore på barne-tv ilag med Per, på "Per - Klart eg kan". Og av og til får han besøk av ungar som fortel at dei ser på han og Per nesten kvar dag på datamaskina heime. Sjå videoen her. Mange har og sett odelsjenta Marit på barne-tv seria «Marit og dyra». Den finn du på NRK Super. 
Dyra på Hakallegarden er veldig rolege glade i folk. Vi vil likevel minne om at dei er levande dyr, og kan bli trøtte og slitne slik som vi mennesker vert. Derfor er det viktig at dei vaksne passar på borna sine. 


Kvifor billettar på nett

Av omsyn til Covid-19 og fare for smittespreeing, så er sal av billettar på nett eit tiltak for å ha kontroll på kor mange som kjem. 

Vi vil gjerne ha besøk av deg og håpar du bestiller billett før du kjem. 

Har du årskort? 
Da kan du berre møte opp og registrere deg ved inngangen. 

Nettsalet stenger
Du kan bestille til kl. 12:00 same dag som du kjem. Om det er fullt, eller etter kl. 12:00 same dag, så det ikkje mogleg å velje datoen i kalenderen. Dagen er merka som grå. Hakallegarden sel også billetter i inngangen når nokon går.
 

Ansvarleg for opplevinga
Firma: Hakallegarden
Telefon: +47 900 68 996/ +47 971 92 066 
Epost: aina@hakalle.no 
Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.


Inquire Booking

Opplysingar:

Sesong: onsdag til søndag i haustferien
Oppstart: kl. 12:00 - 18:00.  
Oppmøtestad: Hakallestranda, Vanylen
Prisar: per person 120 kr (vaksen og barn frå 2 år)
inkl.
- billett til Hakallegarden
Transport: Opplevinga tek høgde for at du kan kome deg til og frå Hakallegarden på eigen hand. 
Merknad: Du må vise billett og bli registert ved inngangen til Hakallegarden. Av omsyn til smittespreiing ved Covid-19 så er det satt eit maks tal på gjestar som kan vere på garden på same tid. Om du ikkje får bestilt billett kan det vere at vi har nådd dette talet. Vi beklagar at det blir meir tungvint, men for di og vår sikkerhet må vi følge dei tilrådingar som kjem frå helsemyndigheitene. 


Siste frist for bestilling på nett kl. 12:00 dagen du kjem. 

 

Høgdepunkt:

→ bli kjent med kjente og kanskje ukjente gardsdyr
→ nyt kortreiste godsaker i kafèen

Route

  1. Hakallegarden