+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Arktisk historie med potetball

From NOK 295

Ta turen til Brandal, og Ishavsmuseet Aarvak
Torsdagar i mai og juni, omvisning med guide kl. 13.00, potetball frå kl. 14.00
Kvar torsdag i mai og juni inviterer Ishavsmuseet Aarvak til omvisning med guide kl. 13.00, etterfulgt av potetball i kafeen.
Ishavsmuseet Aarvak syner historia om norsk selfangst og overvintringsfangst. Ei spanande soge om ishavets sanne heltar. Kvardagsheltane som utfordra desse farefulle områda der vèrgudane kunne vere nådelause i all sin velde. Mennene som kjempa mot naturkrefter og heimlengsel. Dei som reiste ut 15 år gamle utan tvil i sjela. Skipperar og fangstmenn. Det handla om å overleve, og kanskje oppfylle ein draum om rikdom. Mange kom ikkje attende, men fekk si våte grav.
Det var skuter av tre – mannskap av jarn
Opplev ei dramatisk selfangstsoge - Gå om bord i den unike selfangstskuta Aarvak frå 1912
Lær om fangstmannsliv på Grønland og historia om koleventyret i Brandal City på Svalbard - Sjå unike filmar frå polarområda - Få eit innblikk i verda til eventyraren Ragnar Thorseth

From NOK 295

Book Now

Torsdagar i mai og juni, omvisning med guide kl. 13.00, potetball frå kl. 14.00