+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Med Coast Safari til fugleøya Runde

Bli med på ein frisk tur frå Ulsteinvik med RIB til fugleøya Runde. Turen startar ved brygga i Ulsteinvik og vi passerer  idylliske holmar og skjer på veg mot Grasøyane Fyr. Vi passerer ein selkoloni og vi håper å sjå seler som solar seg på svaberga eller sym i sjøen rundt skjera der. Turen går vidare til fugleøya Runde og til fuglefjellet som er heim for store koloniar av sjøfugl. Her kan vi bla sjå lundefugl, havsuler og krykkjer. Frå Runde går turen direkte tilbake til Ulsteinvik.
NB! Husk kikkert og fotoapparat
Start på brygga ved Quality Hotel Ulstein