Opplevinga startar på Runde Miljøsenter. Her legg vi opp til ei lita omvising i utstillinga, framsyning av den imponerande dokumentaren «Havets Sølv» og sjølvsagt heimelaga sjømat i ei eller anna form. På Runde skal du få nytte alle sansar når du skal få lære meir om storhavet, dyreliv og ikkje minst lundefuglen.
Sesong: kvar dag frå 13 juni til 9 august
Oppstart: kl. 17:00
Oppmøtestad: Runde Miljøsenter
Varigheit: 5 timar
Prisar: vaksen 495 kr, born (6-12 år) 375 kr
inkl.
- Heimelaga sjømat og kaffe/te
- Framsyning av dokumentaren Havets Sølv
- Guida tur til fuglefjellet med kunnskapsrik naturrettleiar
Gradering: middels. Moderate stigningar som kan innehalde enkelte bratte parti. Passar for dei med: litt erfaring i terreng, middels trente turgåare, dei med grunnleggende ferdighetar
Utstyr: du må kle deg etter vêret. Vi tilråder vasstette sko, vind og/eller regnjakke og varme klede.
Transport: turen tek høgde for at du kan kome deg til og frå Runde i eigen bil. Det er også behov for transport frå Miljøsenteret til parkeringsplassen i Goksøyra kor turen til fuglefjellet startar.
Merknadar: Det er ei matservering i opplevinga. Om du har allergiar så kan du opplyse om det i kommentarfeltet i bestillinga.