Lundesafari med naturrettleiar og sjømat i havgapet - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Lundesafari med naturrettleiar og sjømat i havgapet

Forespørsel
Bli med på ei magisk oppleving ute i havgapet. På ein kveldstur i fuglefjellet kjem du tett på lundefuglen og med ein dyktig naturrettleiar får du lære meir om ekte gullskattar, dyreliv og lokal historie. Og vi serverar lokal sjømat så du ikkje legg ut på tur på tom mage. 

D. 28/06-20 OBS! Mellombels feil med bookingløysinga. Du kan bestille, men nokre ganger kan ein oppleve å bli sendt til feil side etter at bestillinga er gjennomført. Sjølv om bestillinga er ok står det "IKKE FUNNET - denne siden eksisterer ikke". Sjekk da e-post for bekreftelse og at billettar er sendt. Har du mottatt billettar er alt ok. Vi beklagar, og vi jobbar med å utbetre denne feilen. 


Opplevinga startar på Runde Miljøsenter. Her legg vi opp til ei lita omvising i utstillinga, framsyning av den imponerande dokumentaren «Havets Sølv» og sjølvsagt heimelaga sjømat i ei eller anna form. På Runde skal du få nytte alle sansar når du skal få lære meir om storhavet, dyreliv og ikkje minst lundefuglen. 

Frå Miljøsenteret vert det avreise til Goksøyra. Du må ha eigen bil for å kome deg til og frå Runde og vidare til stien opp i fuglefjellet. Frå parkeringsplassen i Goksøyra vil naturrettleiaren ta deg med opp i fuglefjellet. Det blir lagt opp til fleire stopp undervegs og du vil få sjå og høyre mykje om fugle- og skatteøya Runde på veg opp til sjølve lundeura. 

Er du heldig får du avslutte opplevinga med å sjå sola vest i havet og eit myldrande liv når lunden kjem opp frå sjøen og skal inn i reira sine for kvelden. 
Forespørsel

Opplysingar:

Sesong: kvar dag frå 13 juni til 9 august
Oppstart: kl. 17:00
Oppmøtestad: Runde Miljøsenter
Varigheit: 5 timar
Prisar: vaksen 495 kr, born (6-12 år) 375 kr
inkl.
- Heimelaga sjømat og kaffe/te
- Framsyning av dokumentaren Havets Sølv
- Guida tur til fuglefjellet med kunnskapsrik naturrettleiar

Gradering: middels. Moderate stigningar som kan innehalde enkelte bratte parti. Passar for dei med: litt erfaring i terreng, middels trente turgåare, dei med grunnleggende ferdighetar
Utstyr: du må kle deg etter vêret. Vi tilråder vasstette sko, vind og/eller regnjakke og varme klede. 
Transport: turen tek høgde for at du kan kome deg til og frå Runde i eigen bil. Det er også behov for transport frå Miljøsenteret til parkeringsplassen i Goksøyra kor turen til fuglefjellet startar.
Merknadar: Det er ei matservering i opplevinga. Om du har allergiar så kan du opplyse om det i kommentarfeltet i bestillinga.
 


Vi tek atterhald om minimum 4 påmeldte for å gjennomføre turen. Ved kansellering vert du varsla 24 timar før turen startar og bestillinga vert refundert. Siste frist for bestilling vert då også 24 timar før turen startar. 

 

Overnatting:

Ønskjer du å sove på Runde? Runde Miljøsenter har moderne leilegheiter med sjøutsikt for utleige.
Be om eit tilbod på (+47) 7008 0800 eller på booking@rundecentre.no

Du kan også lese meir om overnatting på Runde her.

 

Høgdepunkt:

→ du kan sjå lundefuglen på nært hald i fuglefjellet med naturrettleiar
→ bli kjent med fuglane og storslåtte naturfenomen på Runde i dokumentaren "havets sølv"
→ nyt heimelaga sjømat på Runde Miljøsenter

 

Reiserute

  1. Runde Miljøsenter