Sel og sjøfuglsafari - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Sel og sjøfuglsafari

Forespørsel
Sett sjøbein i påska og bli med på sel- og sjøfuglsafari på Runde. Kapteinen ombord tek deg ut til selkolonien på Grasøyane og vidare ut til vestsida av Runde til fuglefjellet. Guiding ombord. 

LopheliaPå Runde finn du eit rikhaldig og spanande dyreliv. Rett utanfor Runde ligg Grasøyane med ein stor sel koloni av havert og steinkobbe. På vestsida av Runde finn du fuglefjellet. For nokre månader er dette heimen til lunden og havsulene. Men her er og alke, skarv og lomvi. Artar som du kjem tett på når dei er ute og sankar mat på sjøen. Er du heldig så kjem kanskje havørna glidane over båten også. Med båt rundt øya kjem du tett på opplevingane.


Spis eit måltid i havgapet

I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer. Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og kan for grupper tilby enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar.​

Forespørsel

Opplysingar:

Turen startar: 
9. juni kl. 12:30 med avreise båt kl. 13:00 & kl. 14:30 med avreise båt kl. 15:00
10. juni kl. 12:30 med avreise båt kl. 13:00 & kl. 14:30 med avreise båt kl. 15:00
Oppmøtestad:  
Runde Miljøsenter og hamna
Varigheit: 
1,5 time
Prisar: 
vaksen 315 kr, born (4-12 år) 250 kr
inkl. 
- billett til tur med båt
- guiding ombord av kapteinen
Utstyr:
du må kle deg etter vêret. Det kan være kaldt på sjøen så ta med varme klede. 
Transport: 
Opplevinga tek høgde for at du kan kome deg til og frå Runde i eigen bil.
Merknadar:
kontroll av billett på Miljøsenteret før avreise. Hamna ligg 2 min. frå senteret og du vil få instruksjon på kor du skal gå. 


Turen går med atterhald om godt vêr og minimum 8 påmeldte. Ved kansellering vert du varsla 24 timar før turen startar og bestillinga vert refundert. Siste frist for bestilling vert då også 24 timar før turen startar. 

 


Overnatting:

Ønskjer du å sove på Runde? Runde Miljøsenter har moderne leilegheiter med sjøutsikt for utleige.
Be om eit tilbod på (+47) 7008 0800 eller på booking@rundecentre.no

Du kan også lese meir om overnatting på Runde her.

 

Høgdepunkt:

  • opplev steinkobbe og havert på nært hald
  • sjå og lær meir om sjøfuglane på Runde

 

Reiserute

  1. Runde Miljøsenter