Fjørevandring og taresmaking - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Fjørevandring og taresmaking

Forespørsel
Marinbiolog Saskia og naturguiden Phil tar deg med på ei særs innhaldsrik reise i fjøra. Her står tang og tare i fokus og du får vite meir om korleis du kan ta i bruk disse fantastiske resursane.

Turen startar med ein kort presentasjon på Miljøsenteret før Saskia og Phil tar deg med rundt i nærleiken på jakt etter spanande førekomstar av tang og tare. Undervegs kan du få smake på og få idéar til korleis du sjølv kan nytte deg av ein ressurs som er lett tilgjengeleg langs heile kysten vår.

I utgangspunktet er turane på 1,5 time, men gjennom sommaren er det lagt opp til nokre datoar med lengre turar på 3 og 4,5 time. Sjå oversikt nedanfor på kva datoar desse turane blir satt opp. På dei lengre turane legg ein opp til tilreiing og kokning av tang og tare og lengre turar i fjøra.

Guding på norsk eller engelsk etter hva gruppa ønsker. 
  
Bon apetit og god tur. 

 

Spis eit måltid i havgapet

I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer. Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og kan for grupper tilby enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar.​

Forespørsel

Opplysingar:

Sesong: onsdagar og søndagar i juni og august, onsdagar, fredagar og søndagar i juli - sjå tid og datoar ved bestilling av tur
Oppmøtestad:  Runde Miljøsenter
Varigheit: 1,5 time. 
Prisar 1,5 time tur: vaksen 220 kr, born (4-12 år) 180 kr
inkl. 
- presentasjon i auditoriet
- fjørevandring med guide
- tang og taresmaking
Prisar 3 timar tur: vaksen 440 kr, born (4-12 år) 340 kr
inkl. 
- presentasjon i auditoriet
- fjørevandring med guide
- workshop i fjøra med matlaging
Prisar 4,5 timar tur: vaksen 650 kr, born (4-12 år) 500 kr
inkl. 
- presentasjon i auditoriet
- utvidet fjørevandring med guide
- workshop i fjøra med matlaging
Utstyr: du må kle deg etter vêret. Det kan være kaldt ved sjøen så ta med varme klede og støvlar/vasstette sko.
Transport: Opplevinga tek høgde for at du kan kome deg til og frå Runde i eigen bil.
Merknadar: kontroll av billett på Miljøsenteret før turen startar.  


Turen går med atterhald om godt vêr og minimum tal på påmeldte.
1,5 time turar: minimum 2 påmeldte. Siste frist for påmelding 4 timar før turen startar. Ved kansellering vert du da også varsla 4 timer før turen startar. 
3 og 5 timers turar: minimum 6 påmeldte. Siste frist for påmelding 24 timar før turen startar. Ved kansellering vert du da også varsla 24 timer før turen startar. 

Oversikt turar og varigheit:

1,5 times tur: August 2, August 7, August 14
3 times tur:  July 31, August 9
5 times tur:  July 28, August 11

Overnatting:

Ønskjer du å sove på Runde? Runde Miljøsenter har moderne leilegheiter med sjøutsikt for utleige.
Be om eit tilbod på (+47) 7008 0800 eller på booking@rundecentre.no

Du kan også lese meir om overnatting på Runde her.

 

Høgdepunkt:

  • innhaldsrik presentasjon om tang og tare
  • fjørevandring med guide
  • smaksprøver på tang og tare

 

Reiserute

  1. Runde Miljøsenter