Tangsafari 1,5 time - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Tangsafari 1,5 time

Bestill nå! Forespørsel

Fra NOK 345

Marinbiolog Saskia og naturguiden Phil fra Møre-to-Sea tar deg med på ei særs innhaldsrik reise i fjøra. Her står tang og tare i fokus og du får vite meir om korleis du kan ta i bruk disse fantastiske resursane.

Turen startar med ein kort presentasjon på Miljøsenteret før Saskia og Phil tar deg med rundt i nærleiken på jakt etter spanande førekomstar av tang og tare. Undervegs kan du få smake på og få idéar til korleis du sjølv kan nytte deg av ein ressurs som er lett tilgjengeleg langs heile kysten vår.

Guding på norsk eller engelsk etter hva gruppa ønsker. 

Sjå andre opplevingar fra Møre-to-Sea
Tangsafari og matlaging 3 timar
Fottur med tangsafari og matlaging 5 timar

Fra NOK 345

Bestill nå! Forespørsel

Opplysingar:

Sesong: sjå tid og datoar ved bestilling av tur
Oppmøtestad:  Runde Miljøsenter
Varigheit: 1,5 time. 
Prisar: vaksen 345 kr, born (8-16 år) 145 kr
inkl. 
- presentasjon i auditoriet
- fjørevandring med guide
- tang og taresmaking
Utstyr: du må kle deg etter vêret. Det kan være kaldt ved sjøen så ta med varme klede og støvlar/vasstette sko.
Transport: Opplevinga tek høgde for at du kan kome deg til og frå Runde i eigen bil.
Merknadar: kontroll av billett på Miljøsenteret før turen startar.  


Siste frist for påmelding 4 timar før turen startar.
Turen går med atterhald om godt vêr og minimum 4 påmeldte. Ved kansellering blir du varsla 4 timer før turen startar. 

 

Høgdepunkt:

→ innhaldsrik presentasjon om tang og tare
→ fjørevandring med guide
→ smaksprøver på tang og tare

 

Reiserute

  1. Runde Miljøsenter