Opplev Runde med ein tur innom kafeen og utstillinga. Vi tilbyr heimelaga mat og ei fantastisk sjøutsikt.
I kafeen sel vi salatar, varme rettar, kaker, kaffi/ te og kioskvarer.
Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og kan for grupper tilby enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar.
Kvar dag frå 12 til 19. Varm mat frå 13 til 18:00.
Vi tek i mot grupper heile året. Send oss gjerne ein førespurnad på booking@rundecentre.no