Yoga & Seaweed Weekend 6-8 mars - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Yoga & Seaweed Weekend 6-8 mars

Bestill nå! Forespørsel

Fra NOK 3'060

Bli med på ein avslappande, inspirerande og morosam Yogahelg i havgapet, kombinert med tangsafari og sunn tang og tare mat.

Runde Miljøsenter er ei perfekt ramme for yoga og for å lære meir om tang og tare. Yogahelgen arrangerast i samarbeid med instruktørar frå Yogano, og det vil bli undervisning i ulike former for Yoga i flotte, lyse lokale med sjøutsikt på Miljøsenteret. Møre-to-Sea tek deg med på ein tur langs den vakre kysten av Runde der vi finn dei mest spanande og velsmakande tang- og tare-artane for å lage tapas med. Du kan bu i moderne leilegheiter med sjøutsikt på Runde Miljøsenter om du bestillar yogaweekend med overnatting. 

Yoga-helga passer for alle, uansett erfaring og energinivå.

NB! Vi ønskjer å skape ein intim og behageleg atmosfære, så det er avgrensa tal på plassar til samlinga. Sikre deg plass så raskt som råd om du vil ta del i ei magisk yogahelg i havgapet på Runde.

Frist for påmelding er: 21.02.2020


Om overnatting

Kvar leilegheit har eit enkeltrom, eit dobbeltrom og ein dobbel sovesofa i stova. Vi legg opp til at tre personar kan dele ei leilegheit. Det er også mogleg å dele eit dobbeltrom om det er ønskeleg. Vi reier opp senger og legg fram handklede.

Alle leilegheiter har sjøutsikt, og om du er heldig kan du sjå havørna som ofte sit på neset rett utanfor leilegheitene. Du kjem tett på naturen når du er på Runde.  

 

Program

Fredag 6.03.2020
16.00 - 17.00 Ankomst
18.00 - 19.00 Yoga
19.30 - 20.30 Lett middag 
 
Lørdag 7.03.2020
8.00 - 8.30 Villmarksbading i sjøen for dei som ønsker
8.30 - 9.30 Yoga
9.30 - 10.30 Frukost
10.30 - 13.00 Fritid 
13.00 - 14.00 Lunsj
14.00 - 16.30 Tang safari
16.30 - 17.30 Yoga
17.30  - 18.30 Fritid
18.30 - 19.30 Lage tapas med tang og tare
19.30 - 20.30 Middag
 
Søndag 8.03.2020
8.00 - 8.30 Villmarksbading i sjøen for dei som ønsker
8.30 - 09.30 Yoga
9.30 - 10.30 Frukost
11.00 - 12.00 tur i utstillinga med film for dei som ønsker
Avslutning

Fra NOK 3'060

Bestill nå! Forespørsel

Opplysingar:

Dato: fredag 6. - søndag 8. mars 2020
Oppmøtestad:  Runde Miljøsenter
Varigheit: 3 dagar 
Pris med overnatting: 3 640 kr
Inkl. 

- 4 yogatimer med Yogano
- 2,5 timer tangsafari med Møre-to-Sea
- Inngong til utstillinga og vising av film
- 2 overnattingar enkeltrom i delt leilegheit med sjøutsikt
- 2 frukostbuffé
- 1 to-retters middag, 1 tre-retters middag
- 1 lunsj
- Kaffe/te/frukt
- Tang og tare snacks


Pris utan overnatting: 3 060 kr

Inkl. 

- 4 yogatimer med Yogano
- 2,5 timer tangsafari med Møre-to-Sea
- Inngong til utstillinga og vising av film
- 2 frukostbuffé
- 1 to-retters middag, 1 tre-retters middag
- 1 lunsj
- Kaffe/te/frukt
- Tang og tare snacks

Transport: Opplevinga tek høgde for at du kan kome deg til og frå Runde i eigen bil.
Frist for påmelding er satt til 21.02.2020
Yoga weekend blir gjennomført med minimum tal for påmeldte. Ved kansellering blir du varsla seinest 10 dagar før opplevinga startar. 

 

Høgdepunkt:

  • fjørevandring med guide og smaksprøver på tang og tare
  • inspirerande yoga timar
  • tett på fantastiske naturopplevingar

 

Reiserute

  1. Runde Miljøsenter