+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Opa kyrkje på Hareid

Hareid kyrkje er ei verneverdig trekyrkje frå 1877,og  eit kjært signalbygg i bygda. Kyrkja er i aktivt bruk gjennom heile året, og har nyleg blitt renovert med nytt golv og varmesystem, m.m.
Stilarten vert kalla «nygotisk», med alle sine romanske bogar kan ein også seie at kyrkja er bygd i «nyromansk» stil. Kyrkja var heimsøkt av lyn-nedslag i 1902, men skadane vart utbetra. Kyrkja har 380 sitjeplassar.

Det er mange kulturskattar i Hareid kyrkje, her kan nemnast altertavle frå 1600-talet og bautastein ute på kyrkjegarden som ikkje kan årstalfestast, samt ei prestestove som truleg er det eldste huset i Hareid kommune. Den har blitt flytta på og står no der den gamle stavkyrkja ein gong har stått.

Kyrkja og kyrkjegarden står på middelaldergrunn og har mykje historie med seg.

Vi held OPA KYRKJE m/omvising ei periode i sommar.
Kyrkja er ein varm og rolig stad å tilbringe ei ettermiddagsstund. Her er god plass for å halde smittevern-avstand og for den som vil vere heilt i fred. Du kan kome inn for å tenne lys, site stille, lese, be eller samtale med nokon om du vil det. Kyrkja er eit ope rom for alle livets dagar.