+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Med Coast Safari til Grasøyane Fyr

Bli med oss på eit unikt og eksotisk besøk til Grasøyane Fyr. Turen går med RIB frå Ulsteinvik, via Flø Feriesenter til Grasøyane. Fyret ligg mellom Ålesund og Runde og har ei unik historie. Det vart bygd i 1886 og hadde fastboande fyrvaktarar i hundre år. Vi får ei eksklusiv omvisning i fyret og i fyrvaktarboligen, og du får høyre den dramatiske historia om livet til dei som bodde der. Det blir også servert enkel mat og drikke. Grasøyane er eit fuglereservat og har eit rikt utval av fugleartar. Sør for øya finnest ein selkoloni og kanskje er vi heldige og får sjå selane som solar seg på svaberga eller sym i sjøen der. NB. Øya er freda og all ferdsel krev varsomheit!
Turen går også tilbake via Flø. Turen tek totalt 2 timar.
NB! Husk kikkert og fotoapparat!