+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Ishavsmuseet Aarvak

Ishavsmuseet Aarvak er eit spesialmuseum innan emnet polar, med hovudfokus på Norsk selfangst og overvintringsfangst.

Her får du komme inn og oppleve ei spanande soge om ishavets sanne heltar, kvardagsheltane, og om ei næring som skulle få så mykje å seie for ein heil nasjon.

Selfangst og overvintringsfangst, mennene som kjempa mot naturkrefter og heimlengsel. Dei som reiste ut 15 år gamle utan tvil i sjela. Skipperar og fangstmenn. Det handla om å overleve, og kanskje oppfylgje ein draum om rikdom. Mange kom ikkje attende, men fekk si våte grav. Det var skuter av tre, og mannskap av jarn.

I 1998, 100 år etter at den første skuta gjekk ut frå Sunnmøre flytta Ishavsmuseet flytte inn i nytt bygg på Brandal, ei gamal sjøbu frå 1950. Same år vart ishavsskuta ”Aarvak” sett på land i dokk ved sidan av museet. I 2009 vart eit stort fint vernebygg rundt skuta opna.

Stiftinga har til no samla kring 6000 gjenstandar, ca 50.000 foto, og fleire filmar frå polare strøk heilt tilbake til 1924, og eit stadig veksande dokumentarkiv. Mykje av dette er tilgjengeleg for publikum i permanente utstillingar.

Ishavsmuseet har også hand om eit stort skutearkiv som inneheld opplysningar om vel 400 ishavsskuter. Ein viktig del av vårt arbeid er formidling av historia til komande slekter. Såleis har Ishavsmuseet så langt gitt ut seks bøker som omhandlar denne soga.

Opningstider

Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00

Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00

Inngong Vaksne Kr. 90 / Born Kr. 40