Vårprogram - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Møt sommaren på Runde!

Kvar onsdag og søndag frå 15. mai til 5. juni opnar vi dørene på senteret. Bli med å få ein forsmak på sommaren på Runde før sesongen startar med opne dører kvar dag frå 8. juni til 18. august.

 

No i mai og to dagar i juni legg vi opp til at du kan få deg eit måltid ute i havgapet og bli med på ein av dei organiserte turane vi setter opp.

 

Kvifor ikkje kombinere ein tur opp i fuglefjellet med middag hjå oss? Utan mat og drikke duger som kjent helten ikkje.

 

Opningstider

Onsdag 15, 22, 29 mai og 5 juni kl. 16:00 – 20:00

Søndag 19, 26 mai og 2 juni kl. 12:00 – 19:00

 

Overnatting

Ønskjer du å sove på Runde? Runde Miljøsenter har moderne leilegheiter med sjøutsikt for utleige.
Be om eit tilbod på (+47) 7008 0800 eller på booking@rundecentre.no

Du kan også lese meir om overnatting på Runde her.

Organiserte turar

Vi legg opp til fleire organiserte turar. Det er begrensa kapasitet på turane og dei må bestillast på nett. Her gjeld det å være først ute. På turane kan du både sjå og lære meir om det dyrelivet og den unike naturen på Runde.

Siste frist for bestilling av tur er 24 timar før han startar.

Guida omvising i utstillinga

Skal du på fuglefjellet eller ønskjer å lære meir om fugleøya Runde så oppmodar vi til eit guida besøk med oss. Her kan du sjå filmar om mektige naturfenomen, kome tett på sjøfuglane i utstillinga og utforske Rundeskatten som vart henta opp frå sjøen i 1972. Etter nesten 300 år på sjøbotnen rett utanfor Runde. Bestiller du guida omvising i utstillinga vert du med på ei innhaldsrik reise. Du får høre om den imponerande historia om forliset av Akerendam i 1725 og gullskatten som vart funnen av dykkarar i 1972. Guiden tek deg også med rundt i utstillinga blant alle sjøfuglane som hekkar på Runde. Veit du kanskje kor mange egg ein lundefugl legg om året? Om du ikkje gjer det, så kan guiden fortelje deg om det.  Billetten er gyldig for den dagen og til det klokkeslettet han vert bestilt. Vi viser film i auditoriet heile dagen, så her er det berre å høre med guiden når neste framsyning startar.  Spis eit måltid i havgapet I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer.  Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og kan for grupper tilby enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar. Besøk oss heile året ​Vi tek i mot grupper (minimum 15 personar) året rundt. Her kan vi tilby både faglege foredrag og guida turar i utstillinga. Gjerne i ein kombinasjon med lunsj eller middag.  Om sommaren held vi ope kvar dag for alle. Sjå meir informasjon lengre nede på sida. 

Kontakt oss

E-post: booking@rundecentre.no

Telefon: +47 7008 0800

 

Rundavagen 237

6096 Runde

Besøk oss på Runde