Firma og grupper - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Gruppeopplevingar på Runde

Med si plassering midt i havgapet er Runde ein spektakulær møtestad for arrangement av mange ulike slag. Her kan du ha møte med kundar eller kollegaer, korsamling i flotte lokale med sjøutsikt, kurs, konferansar, skuletur med fagleg innhald eller invitere til eit minnerikt selskap. Og du er velkommen heile året rundt.

 

Senteret er intimt og innbyr til både effektivitet og avslapping. Særleg godt passar fasilitetane til lunsj til lunsj-møte og seminar/kurs over fleire dagar – mange av våre gjestar melder tilbake om at gruppa vert samansveisa på ein heilt spesiell måte her ute i havgapet.

Runde Miljøsenter AS Lunsj til lunsj pakke

Lunsj til lunsj pakke

Lunsj til lunsj pakke for møter i havgapet  Møtepakke over 2 dagar frå 1 495 kr. Tilbodet gjeld frå minimum 10 personar. Tilbodet inkl.  Overnatting i delt leilegheit med sjøutsikt og frukostbuffé Vi pynter opp til ein selskapsmiddag Servering av varm lunsj og kaffe/te begge dagar  To serveringar av kaffe/te under møte Møtelokale med wifi og prosjektør

Runde Miljøsenter AS Møtepakke i havgapet

Møtepakke i havgapet

Legg ditt neste møte til rolige og vakre Runde. Her får du jobbe effektivt og kan nyte det vakre landskapet og den friske sjølufta i pausane.   Møtelokale med wifi og prosjektør for ein arbeidsdag Lunsj Kaffi/ te under møte og etter lunsj

Runde Miljøsenter AS Julemat i havgapet

Julemat i havgapet

Nyt eit julemåltid i havgapet Frå og med 22 november til 22 desember kan du ta med venar eller kollegaer på eit tradisjonelt julemåltid i havgapet på Runde. Vi legg opp til ein meny med pinnekjøt og mør med tilbehøyr og riskrem til dessert. Med utsikt mot store bårer og mektig natur vert det ekstra koseleg å samlast inne for eit godt måltid. Vegetariansk julebord. Om du ønsker eit vegetariansk julemåltid så har vi mange smakfulle retter å by på. Ta gjerne kontakt for meir informasjon og tilbod. Tilboda gjeld for minimum 10 personar og du må gjere ei bestilling i forkant. Kontakt oss på: E- post: booking@rundecentre.no Telefon: 7008 0800 Eller bruk førespurnad knappen på sida. Julelunsj – 385 kr per. person inkl. tradisjonell juletallerken med pinnekjøtt, mør og tilbehøyr dessert med kaffi, riskrem og småkaker Møtepakke med julelunsj – 535 kr per. person inkl. møterom med wifi og projektor kafe/te og vatn under møtet tradisjonell juletallerken med pinnekjøtt, mør og tilbehøyr dessert med kaffi, riskrem og småkaker Julebord – 535 kr per. person inkl. buffébord med pinnekjøtt, mør, svineribbe og tilbehøyr dessert med kaffi, riskrem, karamellpudding og småkaker Julebord med overnatting og frukost – 1260 kr per. person inkl. buffébord med pinnekjøtt, mør, svineribbe og tilbehøyr dessert med kaffi, riskrem, karamellpudding og småkaker overnatting i delt leilegheit med havutsikt og eige soverom felles frukostbuffé Overnatting i våre leilegheiter Runde Miljøsenter har åtte leilegheiter med sjøutsikt som ligg rett ved senteret. Leilegheitene har eit enkeltrom, eit dobbeltrom og ein dobbel sovesofa i stova. Om ein vil bu litt romsleg tilrår vi at det bur inntil tre personar per leilegheit. Vi reier opp senger og legg frem handklede. Vask av leilegheita inkludert ved avreise.   Aktivitetar som kan kombinerast med eit julemåltid Guida tur langs fjøra eller på fjellet. Guida omvising i utstillinga på senteret. Ta kontakt for meir informasjon og prisar her.

Kom til Runde

Runde Miljøsenter AS

Rundavegen 237

6096 Runde

Kartlenke til Runde Miljøsenter

Besøk oss på Runde

Kontakt oss