Informasjon om koronavirus - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Korleis handsamar vi Korona situasjonen

Sist endret: 12. juni. 2020

Vi er medlem av NHO reiseliv og følger tett dei bransjeråd som kjem ut. Personalet får naudsynt opplæring i dei tiltak som skal følgast for å handtere smittevern. I tråd med bransjeråda legg vi vekt på følgande:

  • hyppig og grundig reinhald
  • service med god avstand
  • god plass mellom gjestane
  • oppdatert kunnskap om gjeldande reglar

 

Å leige ei leilegheit med oss skal være trygt

Det er mange fordelar ved å bu på ei leilegheit med oss. Du har til døme eigen sjøutsikt, god planløysing og bra standard, men det er også i disse korona tider ein trygg måte å overnatte heimanfrå. Du har eigen inngang, eit utrusta kjøken for å lage eigen mat og masse frisk luft rett utanfor med kort veg til flotte naturopplevingar. På Runde kjem du tett på opplevingane utan at du treng å vere tett på kvarandre. Og det å halde avstand til kvarandre er jo viktig i ei tid som vi no går igjennom.

 

Rutinar for reinhald på Runde Miljøsenter

Reinhald og hygiene er alltid høgt prioritert på Runde Miljøsenter, og i ei tid som no oppmodar vi også alle våre gjestar om å ha ekstra god handhygiene i tråd med dei anbefalingar som kjem frå myndigheitene. Bruk godt med såpe og varmt vann i minst 20 sekunder.

 

Vi har satt inn ekstra ressursar og enda strengare rutinar for reinhald av leilegheitene mellom kvar gjest. Vi reingjer slik:

  • nyttar miljøvenlege men effektive kjemikaliar
  • reinhaldspersonalet brukar eit sett med eingongs-hanskar per leilegheit
  • reinhaldspersonalet brukar eit sett med klutar per rom
  • alle kontaktpunkt som dør- og skap handtak, lysbrytarar, fjernkontroll og kjøken vaskast nøye

 

Som gjest skal du ikkje vere redd for å bu med oss på Runde Miljøsenter. Du kan sikre deg plass på ei av våre leilegheiter her.

Kontakt oss

E-post: booking@rundecentre.no

Telefon: +47 7008 0800