Opplevingar på Sunnmøre - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Opplevingar på Sunnmøre

I samarbeid med ein rekke ulike og dyktige reiselivsaktørar på Sunnmøre, så kan Runde Miljøsenter tilby eit rikhaldig tilbod på små og store utflukter. Vi jobbar aktivt for å legge til nye opplevingar som du kan bestille direkte på nettsida. Vi håper å sjå deg på Sunnmøre i sommar. 


Attraksjonar

Billettar til Hakallegarden

Legg opp til eit besøk utanom det vanlege. På Hakallegarden går mange av dyra fritt saman med deg i tunet. Alle saman gler seg veldig til kos, og traktoren står spenna klar til å ta deg med på tur i hengaren sin.   D. 28/06-20 OBS! Mellombels feil med bookingløysinga. Du kan bestille, men nokre ganger kan ein oppleve å bli sendt til feil side etter at bestillinga er gjennomført. Sjølv om bestillinga er ok står det "IKKE FUNNET - denne siden eksisterer ikke". Sjekk da e-post for bekreftelse og at billettar er sendt. Har du mottatt billettar er alt ok. Vi beklagar, og vi jobbar med å utbetre denne feilen.  Dyra på Hakallegarden Det er mange dyr som bur på garden. Her er alpakka, hundar, kattar, påfugl, geiter, høner, hestar, og esel for å nevne nokre. Dei aller mest populære er nok kattungane og hestane, men den mest berømte er kanskje Bukke Lars. Han har nemleg vore på barne-tv ilag med Per, på "Per - Klart eg kan". Og av og til får han besøk av ungar som fortel at dei ser på han og Per nesten kvar dag på datamaskina heime. Sjå videoen her. Mange har og sett odelsjenta Marit på barne-tv seria «Marit og dyra». Den finn du på NRK Super.  Dyra på Hakallegarden er veldig rolege glade i folk. Vi vil likevel minne om at dei er levande dyr, og kan bli trøtte og slitne slik som vi mennesker vert. Derfor er det viktig at dei vaksne passar på borna sine.  Kvifor billettar på nett Sommaren 2020 blir ein litt spesiell sommar sjølv om mange ting tek til å bli meir normalt. Av omsyn til Covid-19 og fare for smittespreeing, så er sal av billettar på nett eit slikt tiltak. Ved å selje billettar på førehand kan vi få kontroll på kor mange som kjem.  Vi vil gjerne ha besøk av deg i sommar og håpar du bestiller billett før du kjem.  Har du årskort?  Da kan du berre møte opp og registrere deg ved inngangen.  Nettsalet stenger Du kan bestille til kl. 10:00 same dag som du kjem. Hakallegarden er open onsdag til søndag. Om det er fullt, eller etter kl. 10:00 same dag, så det ikkje mogleg å velje datoen i kalenderen. Dagen er merka som grå. Hakallegarden sel også billetter i inngangen når nokon går.   Ansvarleg for opplevinga Firma: Hakallegarden Telefon: +47 900 68 996/ +47 971 92 066  Epost: aina@hakalle.no  Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.

Guida omvising i utstillinga

Skal du på fuglefjellet eller ønskjer å lære meir om fugleøya Runde så oppmodar vi til eit guida besøk med oss. Her kan du sjå filmar om mektige naturfenomen, kome tett på sjøfuglane i utstillinga og utforske Rundeskatten som vart henta opp frå sjøen i 1972. Etter nesten 300 år på sjøbotnen rett utanfor Runde. Bestiller du guida omvising i utstillinga vert du med på ei innhaldsrik reise. Du får høre om den imponerande historia om forliset av Akerendam i 1725 og gullskatten som vart funnen av dykkarar i 1972. Guiden tek deg også med rundt i utstillinga blant alle sjøfuglane som hekkar på Runde. Veit du kanskje kor mange egg ein lundefugl legg om året? Om du ikkje gjer det, så kan guiden fortelje deg om det.  Billetten er gyldig for den dagen og til det klokkeslettet han vert bestilt. Vi viser film i auditoriet heile dagen, så her er det berre å høre med guiden når neste framsyning startar.  Spis eit måltid i havgapet I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer.  Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og kan for grupper tilby enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar. Besøk oss heile året ​Vi tek i mot grupper (minimum 15 personar) året rundt. Her kan vi tilby både faglege foredrag og guida turar i utstillinga. Gjerne i ein kombinasjon med lunsj eller middag.  Om sommaren held vi ope kvar dag for alle. Sjå meir informasjon lengre nede på sida. 

Båtturar


Ferie med overnatting


Guida opplevingar i naturen

Lundesafari med naturrettleiar og sjømat i havgapet

Bli med på ei magisk oppleving ute i havgapet. På ein kveldstur i fuglefjellet kjem du tett på lundefuglen og med ein dyktig naturrettleiar får du lære meir om ekte gullskattar, dyreliv og lokal historie. Og vi serverar lokal sjømat så du ikkje legg ut på tur på tom mage.  D. 28/06-20 OBS! Mellombels feil med bookingløysinga. Du kan bestille, men nokre ganger kan ein oppleve å bli sendt til feil side etter at bestillinga er gjennomført. Sjølv om bestillinga er ok står det "IKKE FUNNET - denne siden eksisterer ikke". Sjekk da e-post for bekreftelse og at billettar er sendt. Har du mottatt billettar er alt ok. Vi beklagar, og vi jobbar med å utbetre denne feilen.  Opplevinga startar på Runde Miljøsenter. Her legg vi opp til ei lita omvising i utstillinga, framsyning av den imponerande dokumentaren «Havets Sølv» og sjølvsagt heimelaga sjømat i ei eller anna form. På Runde skal du få nytte alle sansar når du skal få lære meir om storhavet, dyreliv og ikkje minst lundefuglen.  Frå Miljøsenteret vert det avreise til Goksøyra. Du må ha eigen bil for å kome deg til og frå Runde og vidare til stien opp i fuglefjellet. Frå parkeringsplassen i Goksøyra vil naturrettleiaren ta deg med opp i fuglefjellet. Det blir lagt opp til fleire stopp undervegs og du vil få sjå og høyre mykje om fugle- og skatteøya Runde på veg opp til sjølve lundeura.  Er du heldig får du avslutte opplevinga med å sjå sola vest i havet og eit myldrande liv når lunden kjem opp frå sjøen og skal inn i reira sine for kvelden. 

Frå Sunnmøre til månen

Bli med på ei heilt spesiell reise og lær meir om jorda si historie og kvifor eit område på Sunnmøre gjorde at NASA kunne sende folk på månen.  Besøk område der mange av dei fremste geologane i verda har studert gjennom meir enn 100 år. Opplev professor Goldsmith sitt Eurekavatn og sjå jordas si historie direkte i berggrunnen. Sjå naturreservatet med dei mest unike granatperidotitane eklogitt " du kan tenke deg! Høyr kvifor kunnskap frå dette geologiske område gjorde at NASA kunne sende folk til Månen. På denne turen vil du få kunnskap om korleis ein kan plukke dei flottaste edelsteinane på peridotplassen . I tillegg får du besøke den mest komplette olivinsamlinga i verda på Norsk olivinsenter. Vi anbefaler at du tek med oppladda mobil eller kamera, du kjem til å kunne ta bilete du aldri hadde drøymt om å kunne ta! Berre 4 turar vert satt opp i løpet av 2020 sesongen. Sikre deg plass i dag! Program:  10.00 Oppmøte Norsk olivinsenter. Omvising Norsk olivinsenter / Informasjon om dagen. 11.30 Avreise til peridotplassen (Sunndalen) 12.00 Lett utelunch med drikke på peridotplassen 12.30 Middels krevande gåtur til Helgehornsvatnet (50 min) 13.30 Geologisk / botanisk forteljarvandring i dette unike geologiske området. Eurekavatnet / Goldsmith / Naturreservatet 16.00 Retur Peridotplassen 16.30 Peridotplukking med guiding . Du får med ein ekspert / geolog som kan vurdere funna dine og hjelpe deg å leite etter dei ekstra fine, som ein kanskje kan få fasettslipt?   Ansvarleg for opplevinga Firma: Norsk Olivinsenter Telefon: +47 916 43 119  Epost: rekjer@gmail.com Ta kontakt direkte om du har spørsmål om sjølve opplevinga.