Overnatting - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Bu i moderne leiligheiter med havutsikt 

Vi har 8 romslige og moderne leilegheiter. Her bur du fritt med eigen inngang, du kan lage din eigen mat på kjøkenet i leilegheita og det er kort veg til eit rikt fugleliv og unik natur. Sjølv når du sit i leilegheita er du tett på naturen. Utanfor stoveglaset kan du sjå både havørn, havsuler og oter. På Runde kjem du tett på opplevingane utan at du treng å vere tett på kvarandre. Og det å halde avstand til kvarandre er jo viktig i ei tid som vi no går igjennom. 

 

Opplevingane startar på Runde

Runde er eit perfekt utgangspunkt for ein ferie med mange opplevingar. Kvifor ikkje... 

 

bli med på ein guida lundesafari eller lære meir om Rundeskatten.

✔ sjå etter sel og oter på ein fjøretur. Der ligg ein stor selkoloni rett utanfor Runde. 

du kan leige kajakk, båt og sykkel med Havopplevelse 

✔ besøke handelstaden Fosnavåg som ligg bare 20 minutt unna

✔ nyte eineståande smaksopplevingar på Skotholmen eller Folk Spiseri

✔ lære spanande kulturhistorie på Ishavsmuseet i Brandal og Herøy Gard

✔ gå magiske fjellturar i eit kystlandskap og nå nye høgder i Sunnmørsalpane

✔ reise på dagstur til Ålesund og oppleve Atlanterhavsparken

 

 

Sjekk ledig kapasitet 

Du kan sjekke ledig kapasitet og pris på våre leilegheiter her. 

Bu lengre og betal mindre. Inntil 16% rabatt på overnatting i leilegheit for 2 eller fleire personar når du bur meir enn to netter. 

Du kan velje mellom leilegheit med to soverom som egnar seg for inntil 5 personar, leilegheit med dobbeltrom for 2 personar eller leilegheit med enkeltrom for 1 person. Alle leilegheiter har fantastisk utsikt rett ut i storhavet. 

Det kan løne seg å bu på Runde i sommar

Bur du på leilegheita vår i sommar kan du få 10% rabbatt for kvar gjest som skal på lundesafari

Vi sender deg ein rabbatkode når du har bestilt leilegheit som du kan nytte på lundesafari i perioda 13 juni til 9 august. 

Men du må vere rask med å bestille. Det er berre rabatt til dei første 100 som får koda. 

 

Du kan lese meir om lundesafari med naturveileder her

Med oss får du: 

✔ gratis internett og parkering

✔ bu lengre - betal mindre! Inntil 16% rabatt på overnatting over fleire netter*

✔ utvask, sengetøy og handklede inkludert i prisen

✔ ei leilegheit godt eigna for familiar

✔ leilegheit med full tilrettelegging for sjølvhushald og eigen inngang

 

Det er gratis å kansellere bestillinga inntil 3 dagar før innkomst. Du kan lese vilkåra våre her

 

* Bur du meir enn to netter på leilegeheit med dobbeltrom eller to soverom, så får du automatisk lågare pris. Gjeld kun ved direktebooking her. 

Kontakt oss

Tel: (+47) 7008 0800

E-post: booking@rundecentre.no

 

Kom til Runde

Runde Miljøsenter AS

Rundavegen 237

6096 Runde

Kartlenke til Runde Miljøsenter

Besøk oss på Runde