Vilkår og betingelser - Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Vilkår og betingelser

Credit card payments in favor of Runde Miljøsenter AS are collected by TREKKSOFT AG, Hauptstrasse 15, 3800 Matten, Switzerland ("TREKKSOFT"). TREKKSOFT will appear as TREKKSOFT TOUR BOOKING on your credit card statement. The domain where you enter and process your payment is owned and operated by TREKKSOFT.

Please send an e-mail to finance@trekksoft.com for all inquiries regarding your credit card payments and chargebacks.

 

Vilkår og føresetnader for opplevingar hos Runde Miljøsenter

 

1. Omfang av vilkåra

Vilkåra gjeld for opplevingar bestilt og betalt på internett. For gruppeopplevingar gjeld eigne vilkår. For agentar gjeld dei vilkåra som er omtalt i kontrakt med agenten. Sal på internett vil i ein del høve stenge minimum ein dag før opplevinga startar. Ta kontakt på (+47) 7008 0800 eller booking@rundecentre.no om du ønskjer å bestille etter dette. Vi gjer merksam på at opplevingar som skjer på senteret kan, med føresetnad om kapasitet, kan kjøpast direkte i resepsjonen heilt fram til opplevinga startar.

 

2. Billett

Bestillingar gjort på nettstaden vår vert betalt gjennom bookingsystemet Trekksoft. Billetten du får ved bestilling vert sendt til den e-post adressa som vert nytta ved bestilling. Du må syne fram billetten i resepsjonen på senteret eller til den aktøren som er ansvarleg for opplevinga før du kan være med. Du treng ikkje å skrive ut billetten din, men kan vise fram den elektroniske billetten som vart sendt ved bestilling. Du er sjølv ansvarleg for å ha med deg billetten og sjekke at han er i samsvar med di bestilling.  

 

3. Prisendringar

Runde Miljøsenter tar atterhald om prisendringar og trykkfeil i tekst, bildar og lenkar på vår internettside. Vi tar atterhald om endringar som kan kome i trykt materiell som har kome etter trykking. Dette gjeld da endringar i prisar, vilkår, endringar i program for opplevinga som ei følgje av ikkje forutsette hendingar og feil opplysningar som skuldast trykkfeil. Endringar som det her blir lagt fram vil bli kommunisert ut i egna kanalar for å gjere deg som kunde merksam.

 

4. Klagar

Klagar over manglar i opplevinga må meldast frå så snart som råd, og om mogleg sendast på e-post til booking@rundecentre.no. Om ein ikkje gjer det kan ein som kunde miste retten til å klage på mangelen.

 

5. Refusjon

Ei bestilling reknast som bindande etter at ein har bekrefta og betalt for opplevinga. På opplevingar der det er mogleg å betale ved oppmøte vert ein fakturert for heile opplevinga sjølv om ein ikkje stillar. Vi oppmodar at den som bestillar har ei reiseforsikring med avbestillingsforsikring, og at ein tek kontakt med sitt forsikringsselskap ved avbestilling grunna sjukdom. I slike tilfelle vert det då forsikringsselskapet som gjennomfører sjølve refusjonen.

 

6. Vilkår ved avbestilling

Runde Miljøsenter kan avlyse ei oppleving dersom tilhøve ein ikkje rår over gjer det naudsynt.  Dette gjeld for tilhøve som vêrforhold, naturkatastrofar, arbeidskonfliktar eller tilsvarande (force majeure). Som bestillar har du ikkje krav på refusjon dersom avbestillinga skuldast force majeure.

 

7. Prisendring

Runde Miljøsenter tar atterhald om prisendring som kan skje pga nye eller økte skattar og avgifter, endringar i valutakursar eller  tilsvarande høve som Runde Miljøsenter ikkje rår over eller burde ha forutsett. Endring i pris vil ikkje skje seinare enn 20 dagar før opplevinga kan gjennomførast. Ei prisauke på meir enn 10% enn avtalt kjøpesum gjer det mogleg for den som bestillar å bryte avtalen utan kostnadar og få kjøpesum refundert.

 

Runde Miljøsenter AS
Rundavegen 237
6096 Runde

Tlf: (+47) 7008 0800

E-post: booking@rundecentre.no