- Runde Miljøsenter
+47 7008 0800
|
booking@rundecentre.no

Guida omvising i utstillinga

Skal du på fuglefjellet eller ønskjer å lære meir om fugleøya Runde så oppmodar vi til eit guida besøk med oss. Her kan du sjå filmar om mektige naturfenomen, kome tett på sjøfuglane i utstillinga og utforske Rundeskatten som vart henta opp frå sjøen i 1972. Etter nesten 300 år på sjøbotnen rett utanfor Runde. Bestiller du guida omvising i utstillinga vert du med på ei innhaldsrik reise. Du får høre om den imponerande historia om forliset av Akerendam i 1725 og gullskatten som vart funnen av dykkarar i 1972. Guiden tek deg også med rundt i utstillinga blant alle sjøfuglane som hekkar på Runde. Veit du kanskje kor mange egg ein lundefugl legg om året? Om du ikkje gjer det, så kan guiden fortelje deg om det.  Billetten er gyldig for den dagen og til det klokkeslettet han vert bestilt. Vi viser film i auditoriet heile dagen, så her er det berre å høre med guiden når neste framsyning startar.  Spis eit måltid i havgapet I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer.  Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og kan for grupper tilby enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar. Besøk oss heile året ​Vi tek i mot grupper (minimum 15 personar) året rundt. Her kan vi tilby både faglege foredrag og guida turar i utstillinga. Gjerne i ein kombinasjon med lunsj eller middag.  Om sommaren held vi ope kvar dag for alle. Sjå meir informasjon lengre nede på sida. 

Lundesafari med naturrettleiar og sjømat i havgapet

Bli med på ei magisk oppleving ute i havgapet. På ein kveldstur i fuglefjellet kjem du tett på lundefuglen og med ein dyktig naturrettleiar får du lære meir om ekte gullskattar, dyreliv og lokal historie. Og vi serverar lokal sjømat så du ikkje legg ut på tur på tom mage.  D. 28/06-20 OBS! Mellombels feil med bookingløysinga. Du kan bestille, men nokre ganger kan ein oppleve å bli sendt til feil side etter at bestillinga er gjennomført. Sjølv om bestillinga er ok står det "IKKE FUNNET - denne siden eksisterer ikke". Sjekk da e-post for bekreftelse og at billettar er sendt. Har du mottatt billettar er alt ok. Vi beklagar, og vi jobbar med å utbetre denne feilen.  Opplevinga startar på Runde Miljøsenter. Her legg vi opp til ei lita omvising i utstillinga, framsyning av den imponerande dokumentaren «Havets Sølv» og sjølvsagt heimelaga sjømat i ei eller anna form. På Runde skal du få nytte alle sansar når du skal få lære meir om storhavet, dyreliv og ikkje minst lundefuglen.  Frå Miljøsenteret vert det avreise til Goksøyra. Du må ha eigen bil for å kome deg til og frå Runde og vidare til stien opp i fuglefjellet. Frå parkeringsplassen i Goksøyra vil naturrettleiaren ta deg med opp i fuglefjellet. Det blir lagt opp til fleire stopp undervegs og du vil få sjå og høyre mykje om fugle- og skatteøya Runde på veg opp til sjølve lundeura.  Er du heldig får du avslutte opplevinga med å sjå sola vest i havet og eit myldrande liv når lunden kjem opp frå sjøen og skal inn i reira sine for kvelden.